lørdag 23. august 2014

Mine valg


Ein ting eg har erfart de siste åra, tja tre-fire siste åra, er at mine valg i livet er mine valg, andre sine valg er deiras valg. Og forstå da at me vil aldri ta absolutt heilt like valg dersom me var i samme situasjon.

Dei sei at i løpet av ein dag tar me ca 30 000 valg, nåken skjer automatisk som når ein går på butikken og tar de vanlige matvarene opp i handlevogna. Andre valg tenkjer man meir over, treng eg virkelig ny buksa, må eg virkelig ha ny vinterjakke? 
Så har me den tredje valgkategorien, valg som påvirke oss resten av livet. 
Valg man feiler og lærer av. Valg man som gjekk bra, og andre ikkje fult så bra.

Eg har tatt valg som ikke berre kanskje, men eg veit andre ville gjort annerledes. Og så klart har eg venner som har tatt heilt andre valg enn da eg ville gjort i samme situasjon. 
Me e forskjellig, og da e valgene våre og.


Og det er ikkje alltid ein føle trangen for å fortelle koffor ein tok dei valga ein tok...

tirsdag 19. august 2014

Ikkje A4


Pang! Der kom kverdagen tilbake etter ein ganske avslappende ferie. 
Tilbake til kverdag, jobb, barnehage, skule, leksehjelp og SFO. 

Her i huset e da ikkje akkurat A4 når da gjelder arbeidstider. 

Så ka gjer ein då, når arbeidstida til tider er utenfor barnehagen og skulens åpningstid? Ja, eg veit at da e andre som har større utfordringa enn meg, eg som  av og til tar turen over  fjellet til Oslo eller e på konferanser over fleire dager og ett kveldsmøte ein og annen gongen..

Jo, ka sku ein gjort uten besteforeldre?  Heldige oss, Sandra og Emma so har besteforeldre i nærheten (ca 100meter frå oss). Og som ofta sei ja til å væra barnevakt, sjøl om dei har ein travel kverdag.

Eg sett iallefall kjempe stor pris på at mine to har bestå og bestn rett ned i veien, som veldig ofta sei ja, men veit samtidig å sei nei dersom det ikkje passar i deiras planer.

Som Sandra og Emma sei: Bestå og bestn e dei snillaste. Så får dei læra litt rampestreker og tullesanger hjå bestn, men bestå ristar på hodet :)

fredag 15. august 2014

Hårreisande

Tar ein gjesp i lag med ein hårreisande selfie.

Jada, i dag e da 109 daga siden sist eg satt i frisørstolen. 109 daga siden håret fekk god pleie og styling. 

So som kjent, kjem Ina Dorthea på da lura, ho skal spara til langt hår. Null problemo, ingen stress, detta e lett! 

At eg lage sånne veddemål med meg sjøl, e ubegripelig til tider! Kver dag e eg innom frisørappen og ser om da e ledigtime, men kver dag sei eg: Nei, detta ska du klara. No e da fira år siden sist du hadde langt hår. Så legg eg frå meg mobilen og lagar nåken boller i stedenfor. 

Men no e håret snart så langt at eg ser nåkenlunde ut dersom eg tar på meg ei lua... 

torsdag 14. august 2014

Pommefrites e ikkje middag,mamma!


Emma gjer da igjen, ho har ein tendens til å komma med ein del gullkorn for tida.

Me er i Åsane på handling av nye barnehageklær til Emma Dorthea og skulekle til Sandra Gabriella som skal begynna på skulen på mandag. 



Alle blir jo sulten når ein er på handling, så me svinge innom McDonalds, da e godt ut på ettermiddagen så eg forklare ungane at dette er middagen for i dag (ikkje akkurat det mest næringsfylte akkurat). 

Etter å ha vært innom de fleste butikker, bilen er fylt med poser og ny sykkel til Emma (Sandra fekk ny når me var på ferie), så sette me snuten heimover igjen. 


Då me nesten e heim kjem spørsmålet: 

Emma: Mamma, ka skal me ha til middag?
Eg: Me har jo spist middag, hamburger og pommefrites på McDonalds.
Emma: Eg vil ha middag! 
Eg prøver meg igjen med samme forklaring, før da kjem frå Emma: 
Pommefrites e ikkje middag,mamma, eg skal ha fisk!

Emma e utrulig glad i fisk, spesielt laks kan ho eta heile dagen, da gjeldt Sandra også. 

Så eg redda meg inn igjen med laksefilet på brødskjevo til kvelds :) 

 

tirsdag 5. august 2014

Personligheten


Eg får idear til innlegg gjennom kverdagen min, som gjer meg oppmerksom på forskjellige ting. I dag blei temaet fordommar/holdninger ovenfor overvektige.

For akkurat et år siden, kunne eg som kjent plusse på 40kg på vekta. 
Handle klær var ikkje berre et hærk fordi eg ikkje like da (gjer ikkje da den dag i dag heller), men og fordi eg fleire gonga opplevde når eg kom inn i ein butikk at da lyste lang vei frå butikkmedarbeidarane at "vi har ikke klær som passer deg". 
Ein fekk blikk på McDonalds når ein ville væra snill med ungane ein lørdag, blikk som sei "ser du har spist dine burgara ja"

Kroppsspråket vårt utgjer cirka 80% av kommunikasjonen vår. Eg er sjøl ein person som kan sei ein ting med ord, men ansiktet mitt sei heilt nåke annet. Og har sjøl satt meg i ein del ubehagelige situasjoner på grunn av at folk ser meir på Kroppsspråket enn orda som kjem ut munnen. 

Det er mange overvektige som kver dag kvir seg til å gå på butikken på grunn av blikk og kommentarar. 
Det er ikkje alle overvektige som kan nåke for at vekta ikkje går nedover, det er mange som prøver både med kostendringer og mosjon. Det er ikkje alle da fungerer for. 

Da som funke for meg, er ikkje sikkert funkar for andre og omvendt. Kver og ein har sin måte å trives på. 

Eg trivdes ikkje med vekta eg hadde, eg gjorde nåke med, men personligheten til Ina Dorthea er ikkje forsvunne. Og for meg er personligheten til personer som betyr mest, ikkje ka tallet på vekta viser.