Emma gjer da igjen, ho har ein tendens til å komma med ein del gullkorn for tida.
Me er i Åsane på handling av nye barnehageklær til Emma Dorthea og skulekle til Sandra Gabriella som skal begynna på skulen på mandag.
Alle blir jo sulten når ein er på handling, så me svinge innom McDonalds, da e godt ut på ettermiddagen så eg forklare ungane at dette er middagen for i dag (ikkje akkurat det mest næringsfylte akkurat).
Etter å ha vært innom de fleste butikker, bilen er fylt med poser og ny sykkel til Emma (Sandra fekk ny når me var på ferie), så sette me snuten heimover igjen.
Då me nesten e heim kjem spørsmålet:
Emma: Mamma, ka skal me ha til middag?
Eg: Me har jo spist middag, hamburger og pommefrites på McDonalds.
Emma: Eg vil ha middag!
Eg prøver meg igjen med samme forklaring, før da kjem frå Emma:
Pommefrites e ikkje middag,mamma, eg skal ha fisk!
Emma e utrulig glad i fisk, spesielt laks kan ho eta heile dagen, da gjeldt Sandra også.
Så eg redda meg inn igjen med laksefilet på brødskjevo til kvelds :)



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar